Kva no - før neste katastrofe er eit faktum?
BERGE FURRE
Allerede for fem år siden ble det advart om at den spente situasjonen i Kosovo kunne utvikle seg til en åpen krig og sette flere land i brann. Et kompromiss kunne hatt en sjanse om OSSE, NATO, EU eller FN hadde grepet inn med observatører,med økonomisk hjelp og politisk press. Men vi lot sjansen gå fra oss, skriver artikkelforfatter Berge Furre.
Dei visste at katastrofen var på veg. Dei visste det i NATO. Dei visste det i OSSE. Dei visste det i FN. Dei visste det i Utanriksdepartementet. Dei visste at Kosova-bomba tikka, og dei let henne tikka år etter år - forbi det tidspunkt da freden hadde ein sjanse. Dei var åtvara mange gonger: Krigen kjem - om det ikkje vert gripe inn medan freden framleis har ein sjanse. Det kom mange rapportar om dette. Eg skreiv ein av dei. Han vart vide spreidd på norsk og engelsk: For fem år sidan var ein SV-delegasjon i Kosova for å sjå om det var sant, det flyktningane i kyrkjeasyl fortalde. Det er beiskt å lesa rapporten i dag:
"Det albanske folkefleirtalet er no utestengd frå alt styringsverk, frå offentlege institusjonar, frå rettstellet, frå skuleverk og universitet, frå mest heile det moderne arbeidslivet. Dei lever under eit brutalt politistyre, ein unntakstilstand der vilkårleg politivald vert utøvd dagleg. Fleirtalet er politisk, sosialt, økonomisk og kulturelt diskriminerte, utestengde frå alle vanlege menneskerettar."
Alt for fem år sidan. Vi kalla rapporten "Apartheid i Europa" - og peika på "trekk av intifada, okkupasjon, etnisk reinsing og naken økonomisk naud: . . . .ingen kan sjå bort frå at den spente situasjonen i Kosova utvikla seg til open krig - og setja fleire land i brann." Alt da hadde kvar åttande albanar - ein kvart million - forlate Kosova. Det var etnisk reinsing som føregjekk, fortalde leiande albanarar oss: Terroren skulle endra den etniske strukturen og eventuelt førebu ei deling av Kosova: Alt i 1990 hadde nasjonalforsamlinga i Beograd gjort vedtak som signaliserte planar om å endra den etniske strukturen i Kosova.
Eg skriv dette for å syna at katastrofen i Kosova ikkje tok til med NATOs trugsmål - slik somme faktisk ser ut til å meina, heller ikkje med ein serbisk "Operasjon Hestesko" frå i haust.
Ibrahim Rugova, Kosovas president, vald av praktisk tala alle albanarar to gonger i "underjordiske" val, reiste frå land til land i Europa år etter år og åtvara mot det som ville koma. Han fekk gode middagar på høgt politisk nivå - også i vårt land. Og det var det han fekk.
Rugova og partiet hans, LDK (Forbundet for eit demokratisk Kosova) som samla nesten heile det albanske folket der, trudde på ikkjevald, og dei makta det utrulege - lenge: Eit albansk parallelt samfunn i motstand og boikott mot undertrykkarane i Beograd, eit samfunn med skulestell, universitet, helsestell, arbeidsliv, skattestell, informasjonsstell, organisasjonar, parti, regjering, nasjonalforsamling. Eit samfunn som fungerte og imponerte i tru på at våpenlaus motstand kunne føra fram. Men dei visste og at alternativet, væpna opprør, berre ville ha ein utgang: blodbad og nederlag. Og leiarar la til da eg var der: Skjer det ikkje noko, vert det krig. Vi kan ikkje i lengda halda dei som trur på væpna motstand tilbake, slik undertrykkinga er.
Men tida fekk gå. Omverda brydde seg ikkje. Vonløyse, fortviling og utolmot fekk gro blant dei unge: Den våpenlause motstanden fører ingen stad! Dei fyrste overfalla på politipatruljer kom. Fleire og fleire landsbyar væpna seg til forsvar. For vel eit år sidan var geriljakrigen i gang. I desperasjon over undertrykkinga, valdsbruken, fornedringa, den langsamme etniske reinsinga gav fleire og fleire opp den våpenlause motstanden. UCK var på kort tid ein væpna realitet i store deler av landet.
Finst det noko alternativ til bomber? Eg trur altså det fanst - i mange år. Så seint som for eit par år sidan var faktisk LDK og Beograd på talefot. LDK var villig til å forhandla på fritt grunnlag om delløysingar. Det vart semje om å opna skulane - utan at semja fekk særleg sjanse til å bli realisert. Om OSSE eller NATO eller EU eller FN hadde gripe inn da - om ikkje før - med observatørar, med økonomisk hjelp og politisk press, kunne eit kompromiss hatt ein sjanse. Men vi let sjansen gå frå oss. Så gjekk det som det måtte gå. UCK tok over med våpen og gerilja. Serbia svara med ein massiv offensiv for å knusa geriljaen. Metoden for slik krigføring kjenner vi frå Vietnam og Kurdistan: brenna landsbyar, desimera og deportera dei som bur der. Blodbadet kom altså - med enda meir etnisk reinsing. Som LDKs leiarar hadde sagt. SV og andre åtvara mot denne utviklinga heile tida. Iblant var det heller einsamt. Fyrst da blodbadet var igang, kom spørsmålet opp om NATO skulle truga med maktbruk. Fleirtalet i SVs stortingsgruppe svara ja - ei siste åtvaring til styret i Beograd. Kva anna skulle dei gjera - då? Eit nei ville vera eit klarsignal for Beograd i Kosova. Og dei undertrykte i Kosova kravde og naudbad om eit inngrep. Og det var ein sjanse for at eit trugsmål ville pressa Beograd til eit kompromiss. Men så ignorerte Beograd trugsmålet. Kva så? Skulle NATO berre gløyma sitt eige trugsmål? Da ville vi fått demonstrasjonar mot NATOs handlingsløyse med verkeleg tyngde - kanskje nettopp dei fremst i demonstrasjonstoga som no fordømer bombinga hardast.
Men så vart bombene den katastrofen dei skulle forhindra. Beograds mål om å tøma halve Kosova for albanarar ser ut til å ha blitt utvida til å tøma heile Kosova. Medan Beograds soldatar og politi knuser UCK-geriljaen i Kosova nokså uforstyrra, fører NATO krig mot bruer, kraftanlegg, jernbaneliner, fabrikkar, TV-stasjonar, telenett over heile Jugoslavia - eit fattig lands sparsame infrastruktur. Dei serbiske topp-politikarane lever trygt med eit samla og forbanna folk bak seg - medan flyktningar stuper langs landevegen og familiar i grannlaget til eit kraftverk eller ei bru kjem i livsfare. Serbia er på veg mot steinalderen, blir det meldt fra Beograd.
Og no aner vi eit uhyggeleg lagnadsdrama - ustoppeleg ser det ut som det langsamt glir mot neste fase: bakkekrigen. Litt etter litt blir vi manipulerte til å innstilla oss på at bakkekrig er uunngåeleg. Krigens logikk og stormaktsprestisjen presser: No skal krigen vinnast - same kor mange liv det skal kosta - og ikkje berre serbiske liv no.
Det kan tenkjast at ein bakkekrig blir kortvarig og avgrensa. Det kan tenkjast at Milosevic kapitulerer etter nokre dager. Men kan vi våga rekna med at det vil gå slik?
Dei fleste trudde at bombing i nokre dagar ville gje den beste utgang. Slik gjekk det ikkje: Bombene gav den verste utgang, eit resultat verre enn nokon kunne tenkja seg.
No står vi altså ved eit nytt vasskilje - landkrigen. Vågar vi ein gong til tru at krigsdjevelen let seg styra og kontrollera? Vågar vi ein gong til tru at krigen i ein ny fase - bakkekrigen - blir kort og kirurgisk? Har vi ikkje no lært - at også det verste kan skje? Ein langvarig bakkekrig som dreg inn enda fleire folk på Balkan i katastrofar vi idag knapt kan forestilla oss? Bør vi ikkje no innsjå at det verste kan skje om krigen går inn i ein ny fase - og handla deretter?
For kvar dag krigen veks og dreg ut, blir dei moglege langsiktige konsekvensane meir skremmande: Eit makteslaust FN, eit NATO med "rett" til å gripa inn når USA og NATO finn det for godt - noko Russland og Kina vil vita å ta sine åtgjerder mot: Kort sagt - ei farlegare verd for dei fleste.
Eg er ein makteslaus kannestøypar i eit lite land i Europas utkant. Men la meg støypa mi vesle kanne likevel. Om krigens logikk og stormakters prestisje uunngåeleg peikar mot bakkestyrkar og nye katastrofar, må freden kunna få ein sjanse fyrst: Ein stans - ein tenkepause - ei veke utan bomber, kan opna for andre tonar frå Beograd, kan føra FN inn på banen att, kan gje ein meklar arbeidsrom. Beograd bad om at våpna skulle teia i påskehelga. La oss ta påske på etterskott - nokre dagar utan bomber.
For Beograd kjem ikkje til å gje etter så lenge bombene fell. Og vi må rekna med at Serbia under ein bakkekrig vil halda ut til evna til militær motstand er slutt. Det kan ta mange månader og eit øydelagt Serbia - og korleis vil Balkan sjå ut? Skal styret i Beograd slå retrett før landet blir øydelagt av ein bakkekrig, må dei få sjansen til å gjera det med eit minimum av ære og kompromiss. Det er verd å minna om at Serbia i Rambouillet var opne for FN-tropper i Kosova. Ei opning i bombeteppet - ein stogg før landkrigen - den sjansen må vera prøvd for fredens skuld - før NATO legg Serbia i ruinar. Og det burde Europas regjeringar kunna få USA med på. Det er vår verdsdel det gjeld.
Eg høyrer innvendingane: Milosevic vil bruke tida til å omgruppera og skaffe seg militære fordeler. Men han har hatt tid til å omgruppera sidan oktober. Milosevic er eit utyske det ikkje nyttar å snakke med, heiter det. Men Serbias folk står idag bak Milosevic. Og der finst svartare djevlar i Beograd enn han. Det har hendt før at Milosevic har snudd når han fekk handlingsrom. Og der er ingen annan å snakka med om ein vil snakka med serbarane om krig og fred. Slik er røynda - og alternativet er Serbia i ruinar.